Ledige stillingar i Sirdal kulturskole

Sirdal kulturskole har for tida om lag 100 elevplassar med undervisning innafor blant anna musikk, lydproduksjon, song, dans og kunst. Vi har både enkelt- og gruppeundervisning. Undervisninga er både på Tonstad og Sinne skule.

 Vi har for tida følgjande ledigar stillingar:

 Fast stilling for snarleg tiltreding:

Kunst og bilete og karusell 15,6%

Undervisningsstad Tonstad og Sinnes

Karusell: Dette er eit gøyalt og leikbasert gruppeundervisningstilbod til elevar som går i 1. og 2. klasse. I karusell får barna smakebit av kunstfaga gjennom å leke med musikk, teater, dans og visuell kunst.

 E-sport 5,2%

Undervisningsstad Tonstad

 Fast stilling ledig frå 01.08.24:

Pianolærar 20%

Undervisningsstad Tonstad og Sinnes

 Det er mogleg å søkje på delar av stillingane.

 Vi søkjer medarbeidar som:

– har kompetanse, evne og engasjement til å jobba med elevar innan det aktuelle område.

– kan jobba sjølvstendig, men også i samarbeid med andre lærarar i kulturskulen.

– ynskjer å medverka til utvikling av kulturskulen.

– er kreativ, entusiastisk og idérik.

 Arbeidsoppgåver:

Undervising for elevar i forskjellige aldersgrupper.

Deltaking i kulturskulen sine prosjekt, framsyningar og personalmøte.

 Kvalifikasjonar:

Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, samt relevant arbeidserfaring frå arbeid med barn og ungdom er ynskjeleg.

Søkjarar utan formell utdanning, men som har relevant arbeidserfaring eller bakgrunn kan bli vurdert. Søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Søker bør ha førarkort.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og evt. praktisk prøve (prøveundervisning).

 For stillingane gjeld:

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.

 Spørsmål om stillingane  kan rettast til rektor ved Sirdal kulturskole Marianne Tjørhom, tlf. 46 66 85 66

Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.

Søknadsfrist: 23.april 2024

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiver

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal fin du eit trygt og godt oppvekstmiljø med mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er høvene for friluftsliv unike både sommar og vinter. Kommunen har eit godt utbygd tjenestetilbod på alle områder, med bla. ny skule og full barnehagedekning.

 

Om stillingen

Stillingstittel:

Antall stillinger:

1

Heltid/deltid:

Deltid

Søknadsfrist:

2024-04-23T00:00:00