Sinnes skule, Sirdal kommune
Det er ledig stilling som fagarbeidar/assistent ved Sinnes skule i Sirdal kommune. Stillinga er 90% fast og 10% vikariat.
Fagarbeidar/assistent Sinnes skule
Det er ledig 100% stilling som fagarbeidar/assistent ved Sinnes skule/SFO frå 10.02.2024.
Sinnes SFO har 1,5 stillingsheimel, dvs. to personar, som til saman dekker opningstidene i SFO, samt elevretta arbeid i skuletida. Den som blir tilsett vil få ansvar for planlegging og gjennomføring av SFO-aktivitetar, implementering av ny rammeplan for SFO og kontakt med føresette til SFO-elevar. Den som blir tilsett vil òg få elevretta oppgåver i skuletida, og vil samarbeida med lærarar og skuleleiinga. I utgangspunktet er det organisert som to stillingar, der ei stilling er i 100% og ei i 50%.
For stillinga:
Skulen treng ein tilsett som skal ha ansvar for å følgja opp elevar i SFO og skule. Den som blir tilsett vil få ansvar for i SFO, jamfør ny rammeplan. Ansvaret for gjennomføring av aktivitetar i SFO vil ligga til stillinga, i samarbeid med annan SFO-tilsett. Den tilsette får ansvar for kontakt med føresette til SFO-elevar. Ulike elevretta oppgåver, t.d. assistent, i skuletida vil òg inngå som del av arbeidet, og den tilsette vil samarbeida med lærarar og skuleleiinga.
Ønska kvalifikasjonar for stillinga:
Me ønskjer søkjarar med utdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Anna relevant kompetanse og relevant praksis vil bli vurdert. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar:
Den som blir tilsett, må ha gode samarbeidsevner, lika å arbeida med barn, ha kreative evner og vera oppteken av å byggja gode relasjonar. Den tilsette må ha evne til sjølvstendig arbeid, vera fleksibel og meistra både munnleg og skriftleg norsk. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Anna:
Opningstidene i skulefritidsordninga er for tida 06.45 – 16.00, med morgonøkt frå 06.45 – 08.50 og ettermiddagsøkt frå 14.20 – 16.00. Elevane har fri frå skulen mest alle onsdagane, og det er tilbod om SFO desse dagane, samt ferietilbod i juni og august.
Dei tilsette må til saman dekka heile opningstida til SFO alle dagar.
For stillinga gjeld:
Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk, og tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden.
Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal. Me ønskjer at alle nyttar elektronisk søknad til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til
rektor ved Sinnes skule Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258
Søknadsfrist: 19. januar 2025
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiver
Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal fin du eit trygt og godt oppvekstmiljø med mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er høvene for friluftsliv unike både sommar og vinter. Kommunen har eit godt utbygd tjenestetilbod på alle områder, med bla. ny skule og full barnehagedekning.
Om stillingen
Stillingstittel:
Fagarbeider/assistent
Antall stillinger:
1
Heltid/deltid:
Heltid
Søknadsfrist:
2025-01-19T00:00:00